Psykolog

Godkjende utgifter

For å få stønad til behandling hjå psykolog må ein vere henvist av lege slik at det vert registrert hjå HELFO, og reknas med i opparbeiding av Frikort v/eigenandelstak 1.

Ved søknad om stønad for behandling gjort privat på eiget initiativ for å td. unngå kø vert desse dekka etter offentlege satsar og inntil same sum som eigenandelstak 1.

SISOF har og ei psykologordning du kan lesa meir om HER.

Kor mykje kan ein få i stønad?

Utgifter til psykolog inngår i opptjening av eigenandelstak 1 og frikort.
Når urgiftene for lege, medisin, poliklinikk og psykolog samla når eigenandelstak 1 vil ein få innvilga frikort, og vidare utgifter same året vert dekka av det offentlege.

SISOF gir difor stønad for utgiftene opp til eigenandelstaket.

Krav til vedlegg

  • Bevis på betalt semesteravgift. Leverer du søknaden i administrasjonen er det nok å visa studentbevis med gyldig oblat/frå app ved levering.
  • Utskrift av dine eigenandeler for gjelande år/semester frå HELFO/helsenorge.no. Desse finn du ved å logge deg inn HER på 'Min Helse' og 'Egenandeler'. Dette er også ditt bevis på at du ikkje har innvilga frikort og allereie får dekka eigenandelene det søkas om.

Det søkast berre ein gong i semesteret for stønad til utgifter til lege, psykolog og medisiner på blå resept. Det søkast ved semesterslutt eller ved oppnådd frikort dersom dette kjem først. Søknadsfristen på 6 månader frå behandlingsdato gjeld også her.

Frikort eigendelstak 1

Utgifter du får utover eigendelstak 1 vert dekka av folketrygda. Det vil sei at du får frikort for resten av året hjå NAV. 
Har du betalt meir enn eigendelstaket vil det automatisk refunderast frå NAV når du vert registrert med frikort.
Registrering av frikort skjer automatisk, og du vil få frikortet i posten. Du kan følgja med på kor mykje du har betalt og kort mykje du har att før du får frikort ved å logga deg inn på HELFO sine sider.