Rapportering av avvik

SISOF har eige skjema for rapportering av avvik. Er det nokon som skadar seg på jobb er det sett krav til at alle skadar som fører til at den tilsette må reise til lege eller ikkje kan utføre arbeidet sitt SKAL rapporteras både til SISOF og til NAV. Midre skadar er opp til den enkelte tilsette om dei ønskjer å repportera vidare til NAV, men SISOF anbefalar rapportering av alle skadar som kan gje varig skade, seinskade eller liknande.

Eksempler på avvik som skal meldas:

  • Død
  • Brann/branntilløp
  • Personskade (med/utan fråvær)
  • Nestenulukker
  • Materiell skade (materialar, gjenstandar/inventar, bygningar)
  • Praktisering av lover, forskrifter, prosedyrar, retningslinjer innan HMS
  • Skade på miljø (miljøskadelige utslipp)
  • Anna

 

Ved rapportering av skade/avvik skal skjemaet under nyttas. Det leveras inn til næraste leiar eller direkte til administrasjonen.

Ved yrkesskade rapporteras dette og inn til NAV. Lenke til utfylling av skjema finn du under. Dette skal fyllas inn i lag med næraste leiar.
Kvifor? For å få att noko på forsikring viss det skulle oppstå komplikasjonar, varig skade/men eller arbeidsuførhet må skaden vere godkjend som yrkesskade hjå NAV. 

Verneombod og hovedverneombod er ansvarleg for å følgja opp avvik og sjå til at gjentakande avvik vert arbeida vidare med.