Søk studentbustad

 

Søknad om bustad hjå Studentsamskipnaden
skjer på www.boligtorget.no/sisof


Studentbustad frå 1.august 2017

For deg som treng studentbustad frå husten 2017, gjeld ein eigen søknadsperiode. Søknadar som kjem utanfor denne perioden vil ikke bli med i hovudtildelinga. 

Vi opnar for søknadar 15.april, med søknadsfrist 31.mai. Det vil seie at søknaden må vere lagt inn på Boligtorget seinast 31.mai kl. 23:59.

Hovudtildelinga vil skje kort tid etter søknadsfristen. Dei som får bustadtilbod vert varsla om dette med SMS. Det er likevel søkars ansvar å halda seg oppdatert på om han/ho er tildelt kontrakt og halde akseptfristen som normalt er på 5-7 dagar etter tildeling. Det kan vera lurt å sjekka Boligtorget med jamne mellomrom etter søknadsfristen då det kan oppstå feil ved sending/mottak av SMS. 

Alle kontraktar vil då vere for perioden 1.8.2017 - 31.07.2018. I løpet av våren kan ein få tilbod om å fornya kontrakten for neste skuleår.

OBS! Merk deg at søknaden har ein 'aktiv til'-dato! Denne datoen viser kor lenge din søknad er aktiv. Etter denne datoen vert søknaden deaktivert dersom du som søkar ikkje fortsett å aktivera han. Når søknaden ikkje er aktiv vil den ikkje lenger vere synleg i systemet vårt og du fell ut frå ventelista. Difor er det viktig at du held fram med å aktivera søknaden din så lenge du ønskjer å stå på venteliste hjå oss.


Fornying av leigekontrakt 2016/17 til 2017/18

Frist 15.mars.

1.mars går det ut tilbod om ny kontrakt for dei som bur i våre studentbustader. 
Ny kontrakt vil ha akseptfrist og må vere signert seinast 15.3.2017 kl. 23.59.

Alle leigeavtalane som tildelas vil gjelda for perioden 1.august -31.juli.

Vedlegg 1 til leigekontrakt med husleigesatsar finn du under eit eige punkt under Praktisk informasjon. SISOF tek forbehold om at nye vilkår kan komma før fornying, og ber deg sjå igjennom dei aktuelle vilkåra når du skal signere kontrakten.

Tildelingsreglement for SISOF sine studentbustader finn du her.
Har du spørsmål - ta gjerne kontakt på post_sisof@sib.no


Har du fått Bank ID frå banken din, kan du signere og akseptere leigekontrakten elektronisk. Dei fleste studentane brukar no å signere kontrakten på denne måten, sikkert og raskt utan bruk av papir. Er du usikker på dette, så kontakt banken din om Bank ID.

ico-bustad.png

Kontaktinformasjon

Opningstid  08:00 til 15:30 mandag til fredag.

Administrasjon:

Trolladalen 30, 6856 Sogndal
E-post: post_sisof@sib.no
Telefon: 55 30 79 31

Fagansvarleg bustad og drift:

Studentheimen, Stedjeåsen og Førde:

Atle Skarsbø
E-post: atle.skarsbo@sib.no
Mobil: 95138052 

Elvatunet, Elvatunet 1 og Møllevegen:

Tor Loftesnes Fardal
E-post: 
tor.fardal@sib.no 
Mobil: 900 60 252

Tildelingsreglement

Tildelingsreglement for SISOF sine studentbustader.