Stedjeåsen

Det er totalt 90 hyblar fordelt på tilsaman 12 to-etasjes småhus i Stedjeåsen. Kvart hus har åtte hyblar, fire på kvart plan.

Eit felleshus på området inneheld i tillegg to hyblar tilpassa rullestolbrukarar.

Hyblane ligg på ei høgde i Sogndal sentrum med gangavstand til høgskulen sine avdelingar der. Nokre av hyblane har flott utsikt over Sogndal og Sogndalsfjorden.


Felles fasilitetar

  • Felles kjøken med kvitevarer (komfyr, kjøleskap og fryseskap).
  • Stove med sofa og salongbord. 
  • Tilgang til Riks-TV med Rikspakken
  • Trådlaust internett
  • Vaskeri med kortsystem
  • Uteplass for grilling
  • Sykkelbod
  • Parkering v/kjøp av oblat

Hybel

Alle hyblane har eige bad, kvar etasje (4 stk) deler kjøken, stove og bod.

Sjå romplan frå ein underetasje her

I kvart hus er det to hyblar på 15,5 m2 (begge i underet.) og 6 hyblar på 12 m2.

Alle hyblane har:

  • Bokhylle
  • Skrivebord med stol
  • Dobbelt garderobeskap.
  • Bad med wc, vask og dusj.

NB! Det er ikkje seng på hyblane.
Du må sjølv ta med seng, sengekle og kjøkenutstyr. 

Kart