Studentbarnehage

I Sogndal driv SISOF Sogndal Studentbarnehage.

Studentbarnehagen held til i flotte lokale på eit plan, opna hausten 2003. Barnehagen ligg sentralt plassert med gangavstand til alle høgskulen sine avdelingar i Sogndal. Sogndal Studentbarnehage har 44 plassar.

Sogndal Studentbarnehage er eit tilbod til studentar ved HiSF som har barn. Barnehagen er spesielt retta mot studentane sine behov - for mange er det ein stor overgang med flytting og det å bli kjend i eit heilt nytt miljø, for både vaksne og barn.

Dei tilsette i studentbarnehagen har lang erfaring og høg kompetanse med å ta imot "studentbarn". For dei føresette er det ein fordel å møte andre foreldre i same situasjon og det vert lettare å lage "nettverk". 

Gjennom Entreprenørskapsprosjektet (sjå bilete) i barnehagen - som er direkte retta mot studentforeldre - kan vi vere med på å integrere foreldre og born lettare i lokalmiljøet.

Studentbarnehagen har eit tett samarbeid med HiSF. Barnehagen er øvingsbarnehage for avdeling for lærarutdanning, i tillegg har studentane høve til å praktisere drama, musikk, forming og pedagogikk i barnehagen - - noko som gjer at kvardagen for barnehageborna tidvis vert svært variert og spanande. Personalet held seg på same måte godt fagleg oppdatert.

Du kan laste ned årsplan og Informasjonsbrosjyre som pdf .

I Førde disponerer SISOF i alt åtte barnehageplassar, i Viebøen barnehage.

Barnehagen ligg nær HiSF sitt bygg på Vie. Viebøen barnehage opna august 2005.

ico-barnehage.png

Kontaktinformasjon:

Barnehagestyrar
Trine Ruud Sætre

Dalavegen 10
6856 Sogndal

E-post: sogndal.barnehage@sib.no
Telefon: 901 61 334

Avd. Sol/Stjerne: 480 64 858
Avd. Måne: 480 31 132