Studentbustader

SISOF sine kontrakter

Dei som vert tildelt bustad frå hausten får kontrakt frå 1.august til 31.juli, altså eit år om gangen. Hvedtildeling for våren skjer i november med kontraktstart 1.januar.
Nye kontraktar frå og med 1.08.2017 er betinga med depositum

Alle andre kontraktar som vert tildelt utanfor hovudtildeling vil ha same avsluttingsdato, 31.juli.

På våren vert det tilbod om fornying av kontrakt for eit nytt år forutsatt at leigetakar framleis opfyller dei kriteria som er sett i tildelingsreglementet.

Tildelingsreglement for SISOF sine studentbustader finn du her.


SISOF sine studentbustader:

Sogndal

Studentheimen: 78 hyblar og 5 leilegheiter
Stedjeåsen: 90 hyblar
Elvatunet: 80 hyblar og 8 leilegheiter
Elvatunet 1: 70 hyblar
Møllevegen (frå 1.08.2016): 126 hyblar og 18 leilegheiter

Førde - Vieåsen

100 hyblar og 5 leilegheiter

Det er røykeforbod i alle SISOF sine bustader, dette gjeld og fellesareal.

Vi gjer òg merksam på at det ikkje er lov å ha hund, katt eller andre husdyr.


Studentbustader tilpassa studentar med redusert funksjonsevne

Sogndal:
Elvatunet 1:
Alle dei 50 hyblane er universelt utforma etter dagens krav, 25 hyblar dvs. heile 1 etasje er tilgjengeleg for rullestol. Her har vi og ein reservert parkeringsplass for rullestolbrukarar.

Stedjeåsen:
2 hyblar er tilrettelagt for personar med redusert funksjonsevne med m.a. hev/senk funksjon på kjøkkeninnreiing

Møllevegen:
I Møllevegen kjem det 3 nye, rullestoltilpassa 2-roms leilegheiter. Leilegheitene har gode parkeringstilhøve, inngang på bakkeplan og heis for tilkomst til resten av etasjane og ned i parkeringskjellar.
Desse skal vere innflyttingsklare 1.august 2016.

Førde:
Vieåsen:
Alle hyblane ved nye Tervatunet 1B i Vieåsen er universelt utforma etter dagens krav, dei 10 hyblane i første høgda er tilgjengeleg for rullestol.

Ei av 5 3-roms familieleilegheiter i Hamretunet for personar med redusert funksjonsevne med m.a. hev/senk funksjon på kjøkeninnreiing.

Når det gjeld parkering er det reservert parkeringsplass i Stedjeåsen for rullestolbrukarar ved hyblane for desse i hus 21. Ut over dette har det ikkje vore registrert behov for eigne parkeringsplassar for denne gruppa, ved behov - kontakt SISOF.

ico-bustad.png

Kontaktinformasjon

Opningstid SISOF 08:00 til 15:30 mandag til fredag

Fagansvarleg bustad og drift:

Studentheimen, Stedjeåsen og Førde:

Atle Skarsbø
E-post: atle.skarsbo@sib.no
Mobil: 95138052 

Elvatunet, Elvatunet 1 og Møllevegen :

Tor Loftesnes Fardal
E-post: tor.fardal@sib.no 
Mobil: 900 60 252

Husøkonom:

SOGNDAL
Wenche B. Torvanger
E-post: husokonom.sogndal@sib.no
Mobil: 957 07 064

FØRDE
Veronica Tansø
E-post: husokonom.forde@sib.no
Mobil: 418 08 185

Bustadkonsulent:

Bjarne Gjermundstad
E-post:
bjarne.gjermundstad@sib.no
Telefon: 55 30 79 30