Studentheimen

Studentheimen ligg i Sogndal sentrum og her finn du dei mest sentralt plasserte bustadane. Sidan det er mange studentar samla her vert det ofte mykje liv i helgene.

Studentheimen er ei "studentblokk" på tre etasjar med totalt 60 hyblar der to og to deler bad og minikjøken, 18 hyblar med eige bad og kjøkken og seks to-roms leilegheiter. Det er 6 fellesstover - to i kvar etasje

Blokka har blitt totalrenovert dei siste åra. Det er nytt ventilasjonssystem og alle bad er flislagt.


Felles fasilitetar

  • Felles kjøkken med kvitevarer(komfyr, kjøl/frys og oppvaskmaskin) og kjøkenbord med stolar.
  • Fellesstove møblert med sofa og salongbord.
  • Riks-TV med Rikspakken tilgjengeleg på fellesstove.
  • Gratis trådlaust internett.
  • Vaskeri med kortsystem finn du i kjellaren.
  • Boder for oppbevaring.
  • Parkering v/kjøp av oblat.
  • Sykkelbod plassert ved inngang til kjellar.
  • Adresserbart brannvarslingssystem tilknytta alarmsentralen i Florø.

Dubletthybel/enkelthybel

På dublettane deler to studentar eit bad og minikjøken. Enkelthyblane har eiget bad og minikjøken.

Alle hyblane har:

  • Skrivebord
  • Skap
  • Kjøkken med komfyr og kjøleskåp
  • Bad med dusj

NB! Det er ikkje seng på hyblane.
Du må sjølv ta med seng, sengekle og kjøkenutstyr. 


2-roms leilegheit

Leilegheitene på Studentheimen har stove, kjøken, eit soverom, bad/dusj og 2 boder.

Alle leilegheitane har:

  • Skap
  • Kjøken med komfyr og kjøleskap
  • Bad med dusj