Studentprest i Sogndal

«Når livet vert for stort – eller for lite.»

Einsemd - Studiar - Relasjonar - Gud - Det du har på hjertet - Sorg - Viktige val

Av og til kan det vere godt å ha nokon å snakke med.

Studentpresten tilbyr samtaler til alle uansett tro og livssyn, og har teieplikt.

Andre tilbod stundentpresten vil arbeide med:

·         Andaktar ein gong i veka: Sjekk ut «andakt på HISF» på Facebook for informasjon.

·         Gudstenester retta mot studentar

·         Kurs, seminar og anna for studentar

·         Kan hjelpe deg å finna eit trussamfunn, eller kristne miljø.

 

Studentpresten er tilsett i DNK og til stades på høgskulen med kontor hjå SISOF ein dag i veka.
Til vanleg er det onsdagar han vil vere på plass, med nokre unntak.

Om studentpresten

Studentpresten heiter Andreas Danbolt, er 30 år, frå Toten og glad i folk og friluftsliv.

Andreas Danbolt

Studentprest

Epost: andreas.danbolt@sib.no

Stad:
SISOF administrasjon
Stadionbygget, Fosshaugane Campus