Studentrådgjevar

Studentlivet byr på små og store utfordringar. Ved nokre høve kan desse utordringane føre til at det vert vanskeleg å konsentrere seg om studiet. Alle kan oppleva vanskar i livet og for somme kan det vera vanskeleg å komma vidare. Då kan det hjelpa å ha nokon å snakka med. SISOF kan tilby deg ein profesjonell samtalepartner der du kan få hjelp til å sortere tankar og følelsar, og reflektere over eigen livssituasjon.

Vi har teieplikt og du kan kontakte oss med små og store problem som du opplev i studiekvardagen. Ofte held det med en samtale eller to for å løyse et konkret problem, men iblant kan det være behov for oppfølging over lengre tid. Er det behov for profesjonell hjelp utover det rådgjevar kan tilby, kan me formidle kontakt med psykolog, psykiatri/ruskonsulentar, psykomotorisk fysioterapi osb.

Vi tilbyr generell rettleiing og hjelp i individuelle samtalar eller i  gruppe.  Vi arrangerer og kurs knytt til utfordringar ein kan møta som student.

SISOF har rådgjeving både i Sogndal og Førde.
 

Tilbodet er gratis for alle studentar

Mange studentar tek kontakt med oss for å snakke om:

Studiemeistring

  • Konsentrasjonsproblem
  • Skrivesperre
  • Manglande motivasjon
  • Studieteknikk
  • Strukturere studiekvardagen
  • Stressmeistring
  • Prestasjon/perfeksjonisme
  • Eksamensnervar/angst

Kjenslemessige vanskar

  • Nedstemt/trist
  • Sorg
  • Heimlengsel
  • Bekymra/engsteleg
  • Sjølvbilete/sjølvfølelse

Relasjonsproblem

  • Forhold til foreldre, sysken
  • Forhold til andre studentar/lærarar/rettleiarar
  • Problem og brot i forhold
  • Kjærleikssorg
  • Konfliktløysing

Økonomiske forhold

  • Spørsmål iht lånekassen
  • Nav ytingar

Andre henvendingar

  • Rusproblem
  • Overgrep/vald
  • Isolasjon/einsamheit
  • Sjølvskading/spiseforstyrring
  •  Mobbing/trakassering
  • Seksuell identitet
  • Livskriser
  • Graviditet

Ønskjer du studie- eller karriererettleiing kan du og få hjelp hjå Karrieresenteret på høgskulen. Meir informasjon og timebestilling finn du HER