Transportutgifter

Godkjende utgifter

Dersom skade gjer det umogleg å nytte offentlege transportmiddel mellom studiebustad og lærestad, kan ein søka om stønad til transport for å nå viktige førelesningar eller eksamenar.

Transport utanfor skuletid, helger og heilagdagar vert ikkje dekka.

Helsekassen dekker ikkje utgifter i forbindelse med reise til/frå behandling, sjukehus, lege o.l. Dette kan du få dekka gjennom pasientreiser.

Kor mykje kan ein få i stønad?

Stønad vert berre gitt for ein periode på maksimum fire(4) veker samanhengande og inntil beløpsgrensa per studieår.
 

Krav til vedlegg

  • Bevis på betalt semesteravgift. Leverer du søknaden i administrasjonen er det nok å visa studentbevis med gyldig oblat/frå app ved levering.
  • Kvitteringar. Berre drosjekvitteringar som er påført bustads- og lærestadsadresse vil bli godteke.
    Dato og klokkeslett skal og vere leseleg på kvitteringen.
  • Attest frå lege der det redegjeras for skaden og behovet for transport.