Sogndal studentbarnehage - vedtekter

Gjeldande frå 1. august 1995 med endring 22.11.95, 10.05.96, 10.03.00, 25.02.03, 03.11.04.28.10.09.01.08.2011.

§ 1 DRIFT I SAMSVAR MED NORSK LOV

Barnehagen vert driven av Sogndal Studentbarnehage i Sogn og Fjordane, Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF). Studentbarnehagen skal drivast i samsvar med gjeldande lov og føresegner om barnehagar. Barnehagen skal drivast etter dei retningslinjer som SISOF, som driftsansvarleg, fastset for drifta.

§ 2 FØREMÅLET MED BARNEHAGEN

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.

Barna skal få utfalde skaparglede, undring og utforskartrong. Dei skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter. Dei skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetnader.

Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndomens eigenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og vere ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og venskap. Barnehagen skal fremje demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.

§ 3 SAMARBEIDSUTVALET

Barnehagen har eit samarbeidsutval på 6 medlemar, alle med personlege varemedlemar, samansetjinga er slik:
2 medlemar, valde av foreldra
2 medlemar, valde av tilsette
2 medlemar, oppnemnde av SISOF

Samarbeidsutvalet vel sjølv leiar. Medlemene valde av foreldra og dei tilsette vert valde for eit år om gongen. Direktøren i SISOF er fast medlem av samarbeidsutvalet, den andre som vert oppnemnt av SISOF har ei funksjonstid på 2 år. Val av samarbeidsutval skal haldast i september.
Styrar i barnehagen er sekretær for samarbeidsutvalet. Han/ ho har møte-, uttale, forslagsrett i utvalet. Samarbeidsutvalet vedtek med vanleg fleirtal, men er berre vedtaksfør når minst halvparten av medlemane er til stades. Dersom røystetalet vert likt tel leiaren si røyst dobbelt. Samarbeidsutvalet skal vere eit samarbeidsorgan for foreldre, personalet og SISOF, og skal ha ansvar for barnehagen si drift i nært samarbeid med styrar.

Samarbeidsutvalet sine oppgåver:
Sjå til at barnehagen vert driven innafor ramma av barnehagelova, barnehagen sine vedtekter og budsjett.
Handsame årsplan/informasjonsperm for barnehagen.
Kome med budsjettforslag.
Kome med uttale og om endringar av vedtekter.
Kome med uttale seg om personalinstruks.
Samarbeidsutvalet vert førelagt saker som er viktige for barnehagen si verksemd. Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i slike saker før avgjerd vert gjort. Samarbeidsutvalet skal be om foreldrerådet sitt syn i saker som må sjåast på som særleg viktige for foreldra.

§ 4 FORELDRERÅDET I BARNEHAGEN

Foreldrerådet er foreldra i barnehagen.  Foreldrerådet bør ha eit arbeidsutval/ foreldrerådsutval som administrera arbeidet deira. Foreldrerådsutvalet skal fremje samarbeid mellom heim og barnehage. Møte i foreldrerådsutvalet skal haldast minst to gonger kvart år. Styrar skal kalla inn til første møte i rådet. Det skal førast møtebok i foreldrerådsutvalet. Utvalet held møter når det kjem aktuelle saker. Leiar i foreldrerådsutvalet har ansvar for å kalla inn til møte. I barnehagen vel foreldrerådet på første møtet om hausten 4 medlemer til barnehagen sitt foreldrerådsutval. Ein av dei blir også vald som representant for foreldra i samarbeidsutvalet. Foreldrerådes- utvalet sin representant i samarbeidsutvalet har plikt til å gjera samarbeidsutvalet kjend med foreldrerådet si verksemd.

§ 5 OPPTAK

Søknad om opptak skal skrivast på fastsett skjema som ein får i barnehagen eller på SISOF sitt kontor. Styrar i barnehagen gjer opptaket, avdelingsleiarane har uttalerett. Plassane skal primært til delast barn av studentar, som studerer ved SISOF sine utdanningsinstitusjonar. Alle opplysningar om tilhøve som det skal takast omsyn til ved tildeling av plass, må følgje søknaden.
Om det skal takast omsyn til tilhøve knytt til særlege opptakskriterium, må stadfesting leggjast ved (t.d. frå lækjar, PPR – kontor, sosialkontor, barnehagepersonell.)

Ved opptak til barnehagen følgjer ein desse reglane for prioritering:
1. Born med funksjonshemming
2. Vanskar i heimen pga. sjukdom og/eller sosiale problem
3. Heiltidsstudenten skal prioriterast framfor deltidsstudenten og tilsette ved SISOF og HSF.
4. Einslege forsørgjarar, eller forsørgjarar som pga. studie/ arbeidet ikkje bur ilag i studieåret
5. Studieansiennitet på studie institusjonane til SISOF
6. Begge foreldra er registrert som studentar.

Dato for opptak vert fastsett kvart år av barnehagestyraren. Prioriteringslista skal fylgjast ved første opptaket, deretter vil det verta fortløpande opptak etter mottak av søknad.
Barnet bør vera eit halvt år før det tek til i barnehagen. Born som ikkje fyller 3 år innan 31.12 i søknadsåret skal til vanleg ikkje få plass på avdeling 3-6 år. Under elles like vilkår har eigar lov til å fordele plassar med tanke på ein høveleg aldersfordeling. Barnet har plass så lenge ein av foreldra er student ved SISOF sine utdanningsinstitusjonar. Dersom ein er ferdig med studiet og barnet har igjen to år i barnehagen før det skal over til skulen, har ein rett på å behalda plassen til barnet skal over i skulen.

Rett til å søkje om overføring til annan barnehage i samband med hovudopptaket:

  •  Dei som har plass i ein kommunal barnehage eller i Rones eller Stedje barnehage
  •  Dei som har kommunal plass i Studentbarnehagen
  •  Dei som har studentplass i Studentbarnehagen og som har rett til barnehageplass i Sogndal kommune (har søkt kommunen om plass før fristen ved hovudopptak og har fylt 1 år innan utgangen av august)
  • Dei som har studentplass, men som ikkje fyller vilkåra for rett til barnehageplass i Sogndal kommune, må søkje om kommunal plass på nytt.

Barn som har hatt plass på avdelingane 0 – 3 år vert over flytta til avdeling 3- 6 år når alderen tilseier det. Foreldra kan seia opp plassen med 1 månads varsel rekna frå den 1. i månaden. Det er ikkje høve til å seia opp plassen seinare enn 1 mars og med verknad frå 1. april. Skulle ein gjere det, må ein betale ut barnehage året. Det vert ikkje gjeve fritak for foreldrebetaling i praksisperioden, men det vert høve til framleige av barnehageplass i 3- 6 månader. dersom ein student må ha praksis andre plassar enn i Sogndal og må ta barnet sitt ut av barnehagen.

§ 6 TILVENJING.

Når eit barn skal ta til i barnehagen skal næraste føresette vere hjå barnet i tilvenjingsperioden. Det vil seie til barnet har funne seg til rette i barnehagen. Tilvenningstida kan variere frå 2-3 dagar til ca. 14 dagar.

§ 7 HELSEATTEST. SJUKDOM.

Sjuke barn må ikkje møte i barnehagen. Med sjuke barn meiner ein barn som har feber, omgangssjuke, utslett, smittsame sjukdomar som gjer at barnet ikkje kan vere ute eller treng særskilt tilsyn. Vert eit barn borte frå barnehagen p.g.a. sjukdom eller av andre grunnar, må det meldast frå til styrar eller avdeling snarast råd.

§ 8 FORELDREBETALING.

Betalingssatsane vert vedtekne av styret for SISOF. Det vert ikkje høve til friplass. Ved tildeling av plassar i studieåret, skal det betalast for ein heil månad dersom barnet får plass før det 15. i månaden. Får ein plass etter den 15. i månaden, skal ein betale berre for halv månad. Det vert ikkje gjeve fråtrekk for fråvær, heller ikkje for dei dagane barnehagen har stengt p.g.a. ferie.

Betalinga skal skje innan den 15. i kvar månad. Ved uteståande foreldrebetaling vert dei føresette gjevne beskjed om at dei misser plassen dersom betaling ikkje skjer innan 14 dagar etter 2. gongs purring. Dei som er skuldig betaling for barnehageplass vil ikkje verte tildelt barnehageplass ved seinare opptak.

§ 9 LEIKAR.

Private leikesaker som barn har med kan barnehagen ikkje ta ansvar for.

§ 10 OPNINGSTID.

Opningstid og feriestenging for barnehagen vert avgjort av SISOF. Inntil vidare gjeld desse tidene. Barnehagen er open frå kl. 07.30 til kl. 16.15 frå måndag til fredag. Barnehageåret i Studentbarnehagen er frå 1.8 til 30.6. I samråd med foreldra har barnehagen stengt i perioden julaftan til nyttårsdag og i påskeveka. Barnehagen vil i samråd med foreldra ha noko utvida opningstid i samband med eksamenslesing.

Personalet skal ha 6 planleggingsdagar i året. Det skal opplysast om kva dagar som vert planleggingsdagar ved starten på kvart barnehage år.

§ 11 LEIKE- OG OPPHALDSAREAL.

Norma for leike- og opphaldsareal er etter departementet si rettleiande norm.

§ 12 DUGNAD.

Foreldra/føresette må gjerast merksam på at dei vil bli kalla inn til dugnad på uteleikeplassområde, eller i barnehagelokala.

§ 13 TEIEPLIKT.

Styret og alle som arbeider i barnehagen har etter barnehagelova sin § 16 teieplikt etter reglane om teieplikt i Forvaltningslova, §§ 13 og 13 a-f, tilsvarande.

ico-barnehage.png

Kontaktinformasjon:

Barnehagestyrar
Trine Ruud Sætre

Dalavegen 10
6856 Sogndal

E-post: sogndal.barnehage@sib.no
Telefon: 901 61 334

Rules concerning SISOF's kindergarten in Sogndal.